Kommunal Rapport: Har vedteke å bruke sunn fornuft

Publisert: Forfatter: Morten Skåningsrud Legg igjen en kommentar
kommunal_rapport

kommunal_rapport

Torsdag 15. januar laget Kommunal Rapport en dobbeltside om Hurdal, bærekraftsatsingen, økolandsbyen og sunn fornuft.

Kommunal Rapport Hurdal er ein liten kommune, men tenkjer stort. No vil den bli ein pilot for sunn fornuft.  —Eg skit eigentleg i kommunegrensene, seier ordførar Runar Bålsrud (V)

I 2002 to dåverande ordførar i Hurdal, Eldbjørg Lundby (Krf), ein telefon til leiaren i Kilden Økosamfunn, Simen Torp. —Vi skal selje Gjøding gard, den tidlegare prestegarden. Vil du kjøpe den, spør ho.

I dag bur Simen Torp og sambuaren Kristin Seim Buflod i eit halmhus på det tidligare prestegardstunet. Oppe i lia over garden veks det nye huset deira fram. Snart skal dei flytte inn i eit aktivhus som er bygd av berre pustande materialar, som produserer eigen energi ved hjelp av sol og ved, og som har alle tenkelege moderne fasciliteter, i tillegg til drivhus i vid utsikt over Hurdalsjøen.

IMG_7223
Simen Torp til høyre i bildet. Buflod til Venstre. Hånd i hånd med nye beboere i økolandsbyen.

Rundt deira poppar det opp liknande hus på alle kantar. Første byggetrinn av økolandsbyen i Hurdal er godt i gang. 54 bueiningar er selt, til saman er det planlagt nærare 200 hus i den tidlegare skogkledde lia.

Nede på garden, mellom halmhus og små hyttar, bur sauer, geiter og hest, og hønene trippar usikkert rundt på det islagde tunet. I stabburet er det utsal av økologisk dyrka grønsaker frå eigne jorder.

— Berekraft og livskvalitet er to sider av same sak. Men eg vil påstå at berekraft faktisk aukar livskvaliteten. Her får bebuarane eigne drivhus, dei får naboar som deler same visjonar, dei får eit unikt sosialt miljø, og dei får nesten levd ut småbrukardraumen, fortel initiativtakar til Økolandsbyen, Simen Torp.

— Skit i kommunegrensene

Ordfører Runar Bålsrud (V) gav blomster til alle som hadde bidratt til kunstprosjektet ved Hurdal skole og kultursenter.
Ordfører Runar Bålsrud (V) gav blomster til alle som hadde bidratt til kunstprosjektet ved Hurdal skole og kultursenter.

På ordførarkontoret i januar 2015 står Runar Bålsrud (V) og peikar og fortel ivrig om «nye» Hurdal. Berekraftdalen, ein pilot for sunn fornuft. I haust gjorde eit samla kommunestyre i Hurdal vedtak om at berekrafftprinsippet skal gå att i all plnlegging, utvikling og tenesteproduksjon. Dei vedtok blant anna at:

  • Hurdal skal vere et berekraftig samfunn uavhengig av kommunegrenser.
  • Hurdal skal ha som mål å vere et pluss-samfunn innan 2025 (Pluss-samfunn: Karbonnøytralt eller betre)
  • Hurdal Kommune ønsker innan 2016 å etablere eit berekraftakademi i samarbeid med leiande nasjonale og internasjonale universitet. Målet er at det i 2020 skal vere minst 1 million nettstudentar ved akademiet.
  • Minimum 1 prosent av oljefondet skal i statsbudsjettet for 2017 bli øyremerka berekraftig forsking og utvikling.

— Tenk at 17 trauste «Huddølingar» har vedteke dette, humrar Bålsrud.

Men kommunereforma blir han meir og meir usikker på.
— Kva reform er det å slå saman berre to kommunar? Resultatet av ei reform må vere at vi får meir kompetanse og betre tenester til innbyggjarane. Og samfunnsplanlegging må vi jobbe med uansett kva kommunen heiter. Vi må tenke større. Eg skit eigentlig i kommunegrensene, seier han.

Politisk einige
Ingen av landsbybebuarane sit i kommunestyret, infen frå bygda har flytta inn i landsbyen. Likevel samarbeider dei to «samfunna» tett. Kommunal Rapport har spurt politikarane om korleis dei trur Hurdal ser ut om ti år.

 «Eg trur Økolandsbyen sine miljøvisjoner vil sette sitt preg på Hurdals grendesamfunn»

Anita Markham, FrP

 

«Saman med berekraftakademiet og økolandsbyen er bygda ei pådrivar både i den nasjonale og internasjonale berekraftutviklinga»

Kjetil Rydland, Krf

 

«Økolandsbyen er eit utmerka eksempel på at Hurdal er moden for ei større satsing. Den har vore ei prøve på korleis folk er i forandring og syner om at bevisste folk frå fleire land ønskjer ei betre framtid med smartare måtar å bu på»

Thomas Sørlien, Høgre

 

John Rognstadtanger er varaordfører frå Ap.

På spørsmål om korleis politikarane frå alle partia har klart å bli einige om berekraftmålet, svarer han at det må bli

«ei heilt anna satsing på miljø og klima enn det vi har sett hittil. Alle (eller i alle fall dei fleste) brukar mange fine ord, men at hoppet frå ord til handling som regel uteblir. I Hurdal har vi berre bestemt oss for å ta nokre små hopp, ganske enkelt fordi alle må bidra. Eg er sikker på at mange vil henge seg på etter kvart»

 

Nye Hurdal

Fugleperspektiv av "Nye Hurdal"
Fugleperspektiv av «Nye Hurdal»

I dag er sentrum ei rundkjøyring, nokre spreidde hus, jorder, eit lite butikksenter, småindustri og ein nedlagt bensinstasjon som no er kafé og ei viktig møteplass. I desember presenterte Gaia-arkitekt Frederica Miller, Helen & Hard og Plan Urban for første gong teikningar for det som kan bli det nye og berekraftige sentrumet. På arkitektteikningane har det vesle kommunesenteret blitt til ein landsby med trehus for 4.000-5.000 menneske, sykkelvegar og eit eige berekraftakademi, eit signalbygg forma som ei stilisert tre like ved rådhuset.

Helen & Hard har forsøkt å tegne en idé om et bærekraftakademi.
Helen & Hard har forsøkt å tegne en idé om et bærekraftakademi.

— Er de i gang med å planlegge eit luftslott, Bålsrud?

 

— Nei, vi vil bli ein pilot. På berekraftakademiet ønsker vi å skape ein stad der universitetsmiljøa kan ha sine lokale og prøve ut forsking i praksis.

 

Tron Erik Hovind er dagleg leiar i Mathiesen Eidsvold Værk, som er ein av grunneigarane i sentrum. Han fortel at dei 10-11 grunneigarane i fellesskap har sett på den nye sentrumsplanen.

 

— Vi er nysgjerrige og spente på dette. Det har vore ein spanande prosess i haust, med plansmier og arkitektmøte. Sentrum blir annerleis enn i dag, men det ligg ein klår strategi og gode idear bak.

 

Sunn fornuft

I 2013 flytta dei siste elevane frå Kjerkekretsen skole inn til den nye storskulen i Hurdal Kommune. Same haust fekk leiinga i Økolandsbyen ei ny oppringing frå kommunen. I dag blir det arbeidd høgt og lågt i dei gamle bygningane for å få dei ferdige til den store berekraftfestivalen som kommunen skal arrangere i juni. I gymsalen er danse- og yogakurs. Eit helsesenter med både lege og alternativterapeutar skal også på plass. Og felles-rom med bibliotek og filmmolegheitar. Og kafé. Og kontorer. Og ikkje minst bakeri.

 

— I denne steinovnen skal det bakast 700 brød om dagen, fortel Kristin Seim Buflod, og syner fram den store omnen som ruvar på veggen der det for berre få år sidan truleg hang ei tavle.

Kornet til steinovnbrøda skal dyrkast like på andre sida av vegen.

 

— Korleis torer ein liten kommune med berre 2.700 innbyggjarar å tenke så stort?

 

— Vi er forplikta til å ta eit ansvar sjølv om vi er små. Kanskje er det lettare å få gjort noko også, sidan det ikkje er så mykje byråkrati. Dessutan er dette sunn fornuft, svarar ordførar Runar Bålsrud.

 

Teksten er direkte sitert fra Kommunal Rapport, torsdag 15. januar 2015 side 6 og 7

Britt Glosvik, 911 78 694
britt@kommunal-rapport.no

Del med andreShare on FacebookTweet about this on Twitter

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>